Snøskjer
Snøsker er eit reiskap for å rydda snø, montert på ein traktor eller i nokre høve på ein bil eller lastebil. For traktor finst det både front- og bakmonterte snøskjer. Dei bakmonterte er festa til trepunktsopphenget, slik at dei lett kan heisast opp når det ikkje er i bruk. Bakmonterte skjer vert ofte nytta ved normal kjøreretning framover, men nokre kan snuast og nyttast ved rygging. Snøskjer er nærskylde med snøplog, spesielt skråplog, og det er inga klår grense mellom snøskjer og skråplog. Når reiskapen er bygd for å nyttast med låg hastigheir vert han gjerne kalla snøskjer, medan reiskap som vert nytta ved stor hastigheit, til dømes på lastebil, og som kastar snøen, vert kalla skråplog.
-
Frontmonters snøskjer
-
Bakmontert snøskjer