Snare er ein fangstreiskap for å ta småvilt og fuglar. Ei snare er laga av ei renneløkke, ofte av hestetagl eller tynn metalltråd, som er festa til ei grein eller liknande, og sett opp der viltet er forventa å passea. Viltet får hovudet, men ikkje kroppen gjennom snara. Når det prøver å gjera seg sjølv fritt stramar det renneløkka, og viltet blir kvelt.

Teikning av ei revesnare.

Fangstforma har svært gamle røter, men er no forboden i Noreg. Det kan finnast unntak for rypefangst i bygder der snarefangst har tradisjon og økonomisk tyding for bygda.

Kjelder

endre
  • «Snare». Store norske leksikon. 15. februar 2009.