Snow Hill Island
Snow Hill Island er ei nesten heilt snødekt øy utanfor austkysten av Den antarktiske halvøya. Ho er 32 km lang og 10 km brei. Mellom øya og James Ross Island i nordaust ligg Admiralty Sound. Ho er ei av fleire øyar kring Graham Land, som ligg nærare Sør-Amerika enn nokon annan del av kontinentet.[1]
Snow Hill Island | |||
øy | |||
Snow Hill Island, januar 1999
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Øygruppe | James Ross-øyane | ||
Del av | James Ross-øyane | ||
Stad | Antarktis | ||
- koordinatar | 64°28′S 57°12′W / 64.467°S 57.200°W | ||
Lengd | 32 km | ||
Areal | 371,2 km² | ||
Folketal | 0 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Snow Hill Island 64°28′00″S 57°12′00″W / 64.466666666667°S 57.2°W | |||
Wikimedia Commons: Snow Hill Island |
Ho vart oppdaga 6. januar 1843 av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross, som trudde øya var ein del av fastlandet og kalla ho Snow Hill. Det vart oppdaga at ho var ei øy i 1902 av Den svenske antarktiskekspedisjonen under Otto Nordenskiöld, som overvintra i området frå 1901 til 1903 og nyttar ho som base for å utforske naboyane og Nordenskjold Coast på Den antarktiske halvøya.
Restane av trehytta som ekspedisjonen nytta under overvintringa er i dag ein av historiske stader og kulturminne i Antarktis verna under Antarktistraktaten.[2]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ ESA Science & Technology: Graham Land
- ↑ Stonehouse, Bernard. Encyclopedia of Antarkter eind the Sørishavets, John Wiley and Sons, 2002. ISBN 0-471-98665-8
- Denne artikkelen bygger på «Snow Hill Island» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Antarctica. Sydney: Reader's Digest, 1985, pp. 152–159..
- Child, Jack. Antarctica and South American Geopolitics: Frozen Lebensraum. New York: Praeger Publishers, 1988, pp. 69, 72.
- Lonely Planet, Antarctica: a Lonely Planet Travel Survival Kit, Oakland, CA: Lonely Planet Publications, 1996, 307.
- Stewart, Andrew, Antarctica: An Encyclopedia. London: McFarland and Co., 1990 (2 volumes), p 931,
- U.S. National Science Foundation, Geographic Names of the Antarctica, Fred G. Alberts, ed. Washington: NSF, 1980,
Bakgrunnsstoff
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Snow Hill Island» (innhald frå Geographic Names Information System).