Soňa Mihoková (fødd 11. november 1971) er ein slovakisk tidlegare skiskyttar frå Liptovský Mikuláš. Sesongane 1995-98 høyrde ho til verdseliten i skiskyting og vann i 1996 eitt renn i verdscupen i skiskyting. Ho lukkast aldri ta medalje i VM og OL, enda opp med fem fjerdeplassar.

Soňa Mihoková
Statsborgarskap Slovakia
Fødd 11. november 1971 (52 år)
Liptovský Mikuláš
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, Vinter-OL 2006

Aktiv endre

Mihoková meisterskapsdebuterte under Vinter-OL 1994Lillehammer og vart nummer 12 på 7,5 km. Året etter vart ho nummer fire på same distansen då VM i skiskyting 1995 fann stad i italienske Antholz, og gjekk Slovakia inn til same plasseringa på 4 x 6 km stafett. Vinteren 1996 vann ho sin einaste siger i eit verdscuprenn, på ein 7,5 km i austerrikske Hochfilzen slo ho nummer to med over 50 sekundar.

I VM i skiskyting 1997 på heimebane i Osrblie var Mihoková med i medaljekampen i begge dei to individuelle tevlingane, men vart nummer fem i normalprogrammet og fire på sprinten. Under Vinter-OL 1998 i Nagano enda ho som året før på fjerdeplassen på 7,5 km, og som i VM 1995 vart ho og lagvenninnene nummer fire på stafetten.

Etter 1998 makta ho ikkje å hevde seg mot verdseliten, men la ikkje opp før enn i 2006.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre