Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision
Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT) er ein marokkansk allmennkringkastar. Han var tidlegare kalla Radiodiffusion Marocaine (RM) frå 1956 og Radiodiffusion-Télévsision Marocaine (RTM) frå 1961. Radiodiffusion Marocaine var med på å grunnleggje Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) i 1950 og fram til 1. januar 1961 då RTM endra medlemskapet frå aktivt medlem til assosierande medlem. I 1969 vart RTM att eit aktivt medlem.
I 1980 valde dei ut det marokkanske bidraget i Eurovision Song Contest, «Bitakat Hob», framført på arabisk av Samira Bensaïd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision» frå Wikipedia på engelsk, og «Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision» frå Wikipedia på svensk den 11. november 2012.