«Bitakat Hob» (arabisk «بطاقة حب») var det marokkanske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framført på arabisk av Samira Bensaïd.

«Bitakat Hob»
Eurovision Song Contest 1980
Land Marokko
Artist(ar) Samira Bensaïd
Språk Arabisk
Komponist(ar) 'Abd Al-'Atī Amyna
Låtskrivar(ar) Malw Rawan
Resultat
Finalepoeng 7
Finaleplass 18
Marokko i Eurovision Song Contest
«Bitakat Hob»

Eurovision Song Contest 1980

endre

Bensaïd vart vald ut av Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT) til å delteke i Eurovision Song Contest med songen «Bitakat Hob» for Marokko. Det var det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på arabisk.

Songen starta som nummer fem i finalen, etter Luxembourg med «Papa pingouin» av Sophie & Magaly og før Italia med «Non so che darei» av Alan Sorrenti. Bidraget fekk sju poeng frå Italia. Marokko fekk til saman sju poeng og enda på 18. plass av totalt 19 bidrag.

Kjelder

endre