Opna hovudmenyen

Sofie av Noreg og Sverige (9. juli 183630. desember 1913) var dronning av Noreg og Sverige. Ho var dotter av hertug Vilhelm I av Nassau og prinsesse Pauline av Württemberg i hertugdømmet Nassau. Sofia gifta seg med den framtidige kong Oscar II den 6. juni 1857 på slottet i Wiesbaden-Biebrich. I Sverige brukte ho namneforma Sophia, i Noreg Sophie.

Sofie av Noreg og Sverige
Anders Zorn - Drottning Sophia 1909.jpg
Dronning Sofie av Noreg og Sverige måla av Anders Zorn
FøddSophia Wilhelmine Marianne Henriette von Nassau
9. juli 1836
Wiesbaden-Biebrich
Død30. desember 1913 (77 år)
Stockholm
TittelDronning av Noreg og Sverige
Alle titlardronning
Fullt namnSophie (Sophia) av Nassau
Hus eller slektHuset Nassau-Weilburg og Huset Bernadotte
GravstadRiddarholmskyrkan
LandNoreg
MorPauline av Württemberg
FarVilhelm I av Nassau
EktefelleOscar II
BarnGustav V av Sverige, Oscar Bernadotte, Carl av Sverige, hertug av Västergötland, Prins Eugen

Sofie var liberal og hadde ein modererande innverknad på mannen sin, blant anna ved krisesituasjonane i unionen mellom Sverige og Noreg. Ho var sterkt skeptisk til den tyske keisaren Vilhelm II, som ho rekna som militaristisk. Dronning Sofie var under sommarferiane i perioden 1892-1904 i Noreg, på garden Skinnarbøl ved Kongsvinger. Som noregsven bidrog ho til at det ikkje vart krig mellom Sverige og Noreg ved unionsoppløysinga i 1905.

I Oslo er Sofies gate og Sofies plass oppkalla etter henne, og det er òg Dronningfossen i Hoffselva vest i byen. Ho gav namnet sitt til institusjonen Sophies Minde, som opna i Skådalen i Oslo i 1902 etter at ho og kong Oscar i 1897 hadde gjeve eit innsamla fond til Arbeidsskole for Vanføre som var skipa i 1892 av systrene Agnes og Nanna Fleischer. Institusjonen vart i nyare tid ein del av Oslo universitetssykehus HF.

BakgrunnsstoffEndra