Eugen Napoleon Nikolaus (1. august 186517. august 1947) var ein svensk og norsk prins og kunstmålar. Han var den yngste sonen til kong Oscar II og Sofia av Nassau, bror til kong Gustav V. Eugen vart ofte omtala som kunstnarprinsen.

Prins Eugen

Statsborgarskap Sverige
Fødd 1. august 1865
Drottningholms slott
Død

17. august 1947 (82 år)
Hedvig Eleonora församling

Yrke militær, mesen, grafikar, kunstmålar
Sjanger landskapsmåleri
Medlem av Kungliga Vetenskapsakademien, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Far Oskar II av Noreg og Sverige
Mor Sofie av Noreg og Sverige
Prins Eugen på Commons

Liv og gjerning endre

 
Vadstena från Stubbet, 1920

Prins Eugen studerte hos Hugo Salmson i Stockholm og heldt fram med studiane i Paris, mellom andre hos Léon Bonnat. I Frankrike vart han mest inspirert av dei symbolistiske målarane, noko som på 1890-talet syner seg i hans folketomme, «vemodiga landskap» med «själfullt innehåll».[1] Før han kom så langt, måla han i ein meir realistisk stil, til dømes i to norske motiv; Valdreskvinna frå 1889 og Valdres frå året etter.

I Sverige bidrog Eugen til det nasjonale landskapsmåleriet med skildringar av det svenske kulturlandskapet, fremst Södermanland, Stockholm og Österlen. Hans mest kjende måleri, Molnet, måla han i to versjonar, ein i 1895 og den andre i 1896. Allereie i 1893 måla han Det gamla slottet, eit frampeik mot Molnet.

Eugen heldt fram å måle mest heile livet. Han er såleis representert med dekorative veggmåleri på teaterhuset Dramaten og i Stockholms rådhus. Prins Eugen laga altartavla i Kiruna kyrkje og ei altartavle som han gav til Djurgårdskyrkan i Stockholm.

I 1947 vart Eugen tildelt Haakon VIIs Frihetskors «for fremragende fortjenester av Norges sak under krigen».

Notar endre

  1. Den svenska målarkonstens historia:199

Kjelder endre

  • Den svenska målarkonstens historia. 2001

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Prins Eugen