Soga om Ragnar Lodbrok

Soga om Ragnar Lodbrok (norrønt Ragnars saga loðbrókar) er ei nordisk fornaldersoge frå ca. 1300[a] som skildrar livet og døden til den danske kongen og helten Ragnar Lodbrok.[1]

NKS 1824 b 4° folio Ragnar Lodbroks saga.

Innhald

endre
 
I det første kapittelet i soga vert fortalt om korleis den tre år gamle Åslaug Sigurdsdotter, som var dotter av Sigurd Fåvnesbane, kjem til fosterforeldra Åke og Grima. Teikning av August Malmström.

Soga fortel om Ragnar sine vikingtokt, ekteskapa hans med først Tora Borgarhjort og deretter med Åslaug Sigurdsdatter og om sønene hans med dei med dei, vidare om herjingane og endeliktet hans i England, og korleis sønene Ivar Beinlause, Halvdan Kvitserk, Sigurd Orm-i-auga og Bjørn Jernside hemna han etter at han døydde i ormegarden til kong Ella/Ælla i Northumbria.[2]

Sjølv om Ragnar har gjeve namnet sitt til soga, er det i like stor grad den andre kona hans, Åslaug (ifølgje Volsungesoga dotter av den mytiske Sigurd Fåvnesbane og med tilnamnet Kråka), som gjev soga liv. Ho har vorte skildra som «en særtegnet personlighed, i langt højere grad end Ragnarr selv»,[3] og som den som «much more than her husband can be called the chief caracter of the saga».[4]. Åslaug er både den foreldrelause Oskepott-karakteren, den sjølvmedvitne kona og den hemnlystne valkyrja Randalín.[3]

Teksta er berre kjend frå eitt mellomaldermanuskript, NKS 1824 b 4° (1824b) frå om lag år 1400, der soga er skriven rett etter Volsungesoga. Det er Sigurd si dotter og Ragnar si kone, Åslaug, som er sambandet mellom dei to sogene. Andre tekster om Ragnar Lodbrok er Tåtten om Ragnarssønnene, som ein kjenner frå Hauksbok, og Krákumál, eit kvad frå 1100-talet som tykkjest vera Ragnars dødssong. Truleg har det eksistert ei eldre «Ragnarsoge» frå omkring 1250 – som det blir vist til i þáttr af Ragnarssonum, og denne føreliggjande soga er skriven etter denne.[3][5] Det er mogleg at den eldre, tapte soga var meir innhaldsrik enn den som er att. Den føreliggjande soga har eit visst preg av å vera «samanraska frå ymse kanter og knytte laust i hop»,[5] med fleire episodar som ein kan finna igjen i fleire mellomalderske riddarromanar.

Soga blei omsett til nynorsk i 1914, og utgjeven saman med Krákumál.[6]

Utgåver

endre
  • 1877 – Ragnar Lodbrok og Lodbrokssønnerne (Kristiania: Malling) I fulltekst ved nb.no  [Omsett av Gustav Storm]
  • 1914 – Soga um Ragnar Lodbrok og sønene hans med Kraake-kvædet (Oslo) I fulltekst ved nb.no  [Omsett av Severin Eskeland]
  • 1944 – Soga om Ragnar Lodbrok : med Kråke-kvædet : gammalnorsk grunntekst og nynorsk omsetjing (Oslo) I fulltekst ved nb.no  [Omsett av Severin Eskeland]

Merknadar

endre
  1. Det kan vera usemje om datering av soger. Store Norske Leksikon daterer soga til «slutten av 1200-tallet»; Finnur Jónsson meiner at «meget ung er sagaen dog ikke, og den tilhører utvivlsomt en tid, der er nærmere ved 1300 end f. ex. 1400».

Referansar

endre
  1. Litteraturforskeren Finnur Jónsson finn det utvilsamt at Ragnar Lodbrok var ein historisk person som levde i første halvdel av det 800-talet. Dette er også støtta av Preben Meulengracht Sørensen i Kapitler af Nordens litteratur i oldtid og middelalder, Århus, 2006, s. 279.
  2. Ragnar Lodbrok i Store norske leksikon
  3. 3,0 3,1 3,2 Finnur Jónsson. Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie; bind 2. København, 1898/1923
  4. Jónas Kristjánsson. Eddas and sagas, Iceland's Medieval Literature. Translated by Peter Foote. Hið íslenska bókmenntafélag, 2007. ISBN 978-9979-66-120-5
  5. 5,0 5,1 Severin Eskeland i innleiinga til 1914-utgåva.
  6. Soga um Ragnar Lodbrok og sønene hans : med Kraake-kvædet. Gamalnorsk grunntekst og nynorsk umsetjing ved Severin Eskeland. Samlaget, 1914. (Gamalnorske bokverk ; 16). Ny utgave 1944.

Bakgrunnsstoff

endre