Volsungesoga, òg kalla Soga om volsungane, det vil seie soga om Volsungeætta (den ætta som den mytiske Sigurd Fåvnesbane høyrde til), er ei norrøn soge, nedskriven truleg på 1200-talet, som skildrar lagnaden til dei to høvdingeættene Volsungane og Gjukungane og korleis dei vart endeleg utsletta i ein slektsfeide mellom dei, kjenneteikna av svik, normbrot på grunn av seksuell attrå og kjærleik og freistnader på å sikre seg ein gullskatt. Attom det heile, og pådrivarar i utviklinga, står dei heidne gudane Odin, Høne og Loke, med guden Odin i brodden.

Soga byggjer på gamalt segn- og mytestoff, som til dels òg er kjent frå det gamle tyske Nibelungenlied (songen om Nivlungane), og ein meiner at nokre av personane har førebilete i historisk kjende personar. Men dei fleste er segnfigurar, guddommar og kvinnelege makter med førebilete i den førkristne nordiske mytologien. Ettersom mange av hendingane dessutan er meir eller mindre lett attkjenneleg motiv i tidlegkristen biletkunst, er det mykje som taler for at denne bloddrypande soga om svik og mord er meint å fungere som ein kristen reiskap i arbeidet med å overvinne heidendommen og heiden samfunnsstruktur.

Henrik Ibsen nytta soga som inspirasjon til Hærmendene på Helgeland.[1]

Den såkalla heltediktinga i Den eldre Edda skildrar mykje av det same som Volsungesoga, men ikkje på det fullstendige og samanhengande viset som Volsungesoga gjer.

Omsetjing til moderne norsk endre

Bakgrunnsstoff endre

«Vǫlsunga saga» av Eyvind Fjeld Halvorsen i Kulturhistorisk leksikon for nordisk middelalder (1976)

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. http://www.gutenberg.org/files/14686/14686-h/14686-h.htm#act0