Sogn Jord- og Hagebruksskule

60°54′13″N 7°12′0″E / 60.90361°N 7.20000°E / 60.90361; 7.20000 Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein vidaregåande skule som ligg i Aurland i Vestland fylke. Skulen har landsline med Vg2 og Vg3 i økologisk landbruk. I tillegg held skulen fleire kortare kurs knytt til landbruks- og matproduksjon.

Skulen vart etablert i 1917 på prestegarden Aurdal. Frå om lag 1980 har skulen og garden lagt om til økologisk undervising og drift.

Skulen har eigen gardsbutikk. Der kan ein kjøpa økologiske daglegvarer, grønsaker, frukt og blomster. Sogn Jord- og Hagebruksskule er med i Sogn fruktrute.

Bakgrunnsstoff endre