Koordinatar: 59°57′1.4832″N 10°43′49.526″E

Sogn
Sogn
Solvang kolonihage
Foto: Kjetil Ree, 2007
KommuneOslo
Folketal3 580 (over 3 roder)
Plassering

Sogn i Oslo
59°57′ N 10°44′ E

Sogn er eit bustadsstrøk i Bydel Nordre Aker i Oslo.

AvgrensingEndra

I vest går grensa frå og med John Brandts veg og i ei rett linje rett sørover til ho treff krysset Sognsvannsbanen/Vestgrensa. Deretter følgjer grensa Sognsvannbanen austover, til Ring 3 ved inngangen til Tåsentunnelen. Deretter går grensa rett nordover, først over ringvegen, og deretter gjennom Damefallet som er grensa i aust. I nord er grensa området nord for Storkenebbveien.

Dermed grensar det i vest til Gaustad (nord for Ring 3) og Gaustadbekkdalen (sør for Ring 3), Ullevål Hageby og Berg i sør, Nordberg i aust og Kringsjå i nord (der Nordberg skule ligg).

HistorieEndra

 
Vestre Sogn gard ligg i dag inne i Sogn studentby. Garden var kyrkjegods i mellomalderen, og seinare krongods fram til 1662. Sidan 1892 har garden vore i kommunalt eige, og husar i dag ein barnehage
Foto: Kjetil Ree

Sogn har fått namnet sitt etter dei to gardane Vestre og Austre Sogn gard. Hovudbygninga til Vestre Sogn gard eksisterer framleis, og ligg i hjartet av Sogn studentby. Austre Sogn gard låg nordaust for Vestre Sogn gard, eit par steinkast unna, men vart riven i samband med bygginga av studentbyen.

Mykje av villaområdet på Sogn vart bygt på 1930-talet, og ber preg av ein funksjonalistisk stil. Husa vart bygde etter at A/S Akersbanane saman med Aker kommune i åra rundt 1920 hadde gjort store tomtekjøp på Sogn, men òg i nærområda Nordberg, Berg og Haugerud, i samband med planlegging og utvikling av det ein kalla for Sogn haveby. Nokre år seinare utparsellerte og selde A/S Åkerbanane tomtene til finansiering av Sognsvannbanen.[1]

Bydel Sogn var tidlegare òg namnet på den lokale bydelen før Bydelreform 2004 sette fast nye bydelgrenser i Oslo.

BusetnadEndra

Utanom Sogn studentby finn ein Sogn hagekoloni og Solvang Kolonihagar på Sogn, og dessutan nedlagde Sogn vidaregåande skule, som frå 2013 har husa Kuben vidaregåande skule, avdeling Ullevål og frå 2014 den nye Blindern vidaregåande skule. Elles er Sogn i hovudsak eit villaområde med ein del rekkjehus og låge bustadblokker i området langs Kaj Munks vei/Ring 3.

Likevel er òg Ullevaal Stadion med området rundt ein del av strøket, og dette området skil seg veldig ut frå resten av strøket. Denne staden vert dominert både fysisk og identitetsmessig av Stadionanlegget. Mellom T-banelinja og Ring 3 har området karakter av å vera ei urban grensesone med større, einskilde nærings- og undervisingsbygg langs vestsida av Sognsvegen og av Ullevaal Stadion på austsida.

ReferansarEndra

  1. Plan- og Bygningsetaten, Byutviklingsavdelingen. «Forstadsbaner og boligplaner i Oslo gjennom 150 år». Oslo kommune. Henta 7. mai 2007.