Riksveg 150

veg i Akershus og Oslo

Riksveg 150 (Rv150), på trafikkskilta kalla Ring 3, går mellom vegkrysset Ulvekrysset med vegen Ulvensplitten på Ulven i Bydel Bjerke i Oslo og Lysaker i Bærum på grensa til Oslo. Ring 3 dannar eit samband mellom Europaveg 18 og Europaveg 6 utanom bykjerna, og er ein sterkt trafikkert stamveg med to gjennomgåande felt i kvar retning. Tidlegare vart Ring 3/riksveg 150 rekna heilt frå Ryenkrysset på Ryen i Oslo, der Europaveg 6 gjekk over i Ring 3, men strekninga mellom Ryen og vegsystemet Ulvensplitten er no vorte ei strekning av Europaveg 6 i staden. Denne strekninga av tidlegare ring 3 er ein naturleg del av Eurpaveg 6, til liks med sjølve Ulvensplitten, ved at Europaveg 6 sør og nord for Oslo vert knytt saman over denne strekninga.

Riksveg 150
Riksveg 150

Strekning
LysakerRyen
Informasjon
Statusriksveg
Tilstøytande vegar
Riksveg 150 Riksveg 150 Riksveg 150
Restriksjonar
Bomstasjonar1
Miljøfartsgrense
60 km/t
RyenGranfosstunnelen
(1. november
– 19. april)
Skiltinga av Ring 3

Rikveg 150 er berre skilta som Ring 3, ikkje med riksveg-skilt med riksvegnummeret. Ofte vert vegen berre kalla Store ringvei i daglegtale, som var namnet på vegen før ringvegane i Oslo vart nummererte. No er Ring 1 den ringvegen som går som gjennomfartsåre i sjølve bykjerna, med Ring 2 som den neste og Ring 3 lengst utanfor. Alle desse tre ringvegane dannar eigenleg bogar kring bykjerna, ikkje i ringar.

Sjølv om ring 3 er ein samanhengande veg, er han likevel samansett av strekningar som har fått sine eigne namn. Heile traséen frå Ryenkrysset, inklusive den parten som no er Europaveg 6: Adolf Hedins vei - Hjalmar Brantings vei - Lørentunnelen - Storoveien - Rolf Wickstrøms vei - Tåsentunnelen - Kaj Munks vei - Torgny Segerstedts vei - Viggo Hansteens vei - Ullernchausséen - Granfosstunnelen.

Stekninga frå Lysaker og Fornebu til Ryen

endre
Bærum
 
Den søndre av dei to Granfosstunnelane (nordleg opning, på Lilleaker), sett frå nord i mars 2009

Granfosstunnelene

 
Rolf Wickstrøms vei som Ring 3 utgjer grensa mellom Grefsen (venstre) og Nydalen (høgre)
 
Hjalmar Brantings vei ved Teisen i Oslo, retning Ryenkrysset etter å ha passert Ulvensplitten.
 
Adolf Hedins vei ved Manglerud i Oslo, før Ryenkrysset og etter Ulven-krysset.

Ullernchausseen

Viggo Hansteens vei

Torgny Segerstedts vei

Kaj Munks vei

  •   Sognsveien

Rolf Wickstrøms vei

Storoveien

Lørentunnelen

Hjalmar Brantings vei


Rv150 sluttar nær Valle Hovin, Ring 3 langs E6 vidare til Ryen


Adolf Hedins vei

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre