Sogndalsfjorden
61°10′0.31800″N 7°0′12.388″E / 61.1667550000°N 7.00344111°E
Sogndalsfjorden er ein del av Norafjorden som er ein fjordarm av Sognefjorden. Fjorden har ei lengd på 16 km inn til starten av Barsnesfjorden som fjorden heiter nord for Sogndalsfjøra.
Norafjorden har innløp ved Nornessundet ved Nornes, rett nord for Fimreite. Like nord for Nornes ligg garden Norum. Litt lenger nord ligg Ylvesåker og Fardal på vestsida. Forbi Fardal kjem ein til garden Øskjastrond (Eskestrand), og her deler fjorden seg i to, ved Kjørnes held Eidsfjorden fram austover, medan hovuddelen av fjorden går inn til Barsnesfjorden, forbi Sogndalsfjøra. Her kryssar den 210 meter lange Loftesnesbrua langs riksveg 5 Loftesnessundet, som markerer den sørlege grensa til Barsnesfjorden, som held fram 5 km vidare nordover. Riksveg 5 går elles langs heile nordsida av fjorden. Utanfor Sogndalsfjøra er det i nyare tid frå tid til anna nytta namnet Sogndalsfjorden, men Norafjorden går heilt inn til Loftesnes der Barsnes startar.