Sognefjorden

Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Noreg, og etter grønlandske Scoresbysund den nest lengste fjorden i verda.

Sognefjorden
fjord
Sognefjord, Norway.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen, Hyllestad, Høyanger, Lærdal, Sogndal, Vik
Del av Norskehavet
Kart
Sognefjorden
61°6′0″ N 5°10′0″ E
Wikimedia Commons: Sognefjorden

Fjorden ligg i Vestland fylke og strekkjer seg frå foten av Jotunheimen i aust og mot kysten av Vestlandet. Han er 205 km lang frå Skjolden inst i Lustrafjorden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Dei største djupnene ligg innover i fjorden; ved munningen er botnen berre 100 meter under havoverflata.

Over fjorden går ei kraftline med eit spenn på 4597 meter. Dette er den nest lengste kraftlina i verda.

Satellittbilete av Sognefjorden. (Kjelde: NASA)

SamferdsleEndra

Sognefjorden har vore ei viktig samferdsleåre frå gamalt av. Han har gjort det mogleg å frakta landbruksprodukt, frukt, bær og fisk mellom bygdene i Sogn og Bergen.

Det er i dag fem ferjesamband som kryssar fjorden:

I tillegg går det ferje Gudvangen-Styvi-Dyrdal-Kaupanger-Frønningen-Lærdalsøyri i turistsesongen (mai-september).

Det er daglege snøggbåtruter frå Sogndalsfjøra til Bergen og Selje i Nordfjord.

FjordarmarEndra

 
Satellittbilete der Sognefjorden (i midten) avteiknar seg tydeleg mot raudfarga snø. (Kjelde: NASA)
 
Sognefjorden

I motsetnad til Hardangerfjorden har ikkje kvar enkelt del av Sognefjorden eit eige namn. Berre Sognesjøen ytst i fjorden og Årdalsfjorden eller Lustrafjorden vert nytta som andre namn på Sognefjorden. Sognefjorden har derimot mange fjordarmar. Frå innløpet i vest og austover er desse (lengder i parentes):

 
Fjærlandsfjorden.
Foto: Bjørn Erik Pedersen