Sola Idrettslag er eit tidlegare norsk idrettslag heimehøyrande i Sola kommune i Rogaland. Laget vart stifta 25. oktober 1934 som Sola Turn og Idrettslag, og endra namn til Sola Idrettslag i 1947.[1] Sola IL var aktivt med i fotball, friidrett, handball og turn. Laget vart oppløyst 1. januar 1995 og danna dei nye gruppene Sola Håndballklubb, Sola Fotballklubb og Sola Turn.[2]

Turnarane Linda Gusevik og Janne Bore og friidrettsutøvaren Iris Zetterstrøm hevda seg kringom 1980 i noregstoppen i sine respektive idrettar.

Sola-laga spelar i gule trøyer og svarte bukser.

Kjelder

endre
  1. Historikk - Klubben vår gjennom alle år Sola-HK.no
  2. Historie – Sola Turn (på norsk bokmål), henta 9. mai 2024