Soldier Boy
Singel av The Shirelles
frå albumet Baby It's You
B-side

«Love Is a Swingin' Thing»

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1962
Innspelt Bell Sound Studios i New York
Sjanger R&B
Lengd 2:42
Selskap Scepter (Florence Greenberg-Owner)
Komponist Luther Dixon, Florence Greenberg
Låtskrivar(ar) Luther Dixon, Florence Greenberg
Produsent Luther Dixon
The Shirelles-kronologi 
«Baby It's You»
(1962)
Soldier Boy «Welcome Home, Baby»
(1962)


«Soldier Boy» er ein song skriven av Luther Dixon og Florence Greenberg. Songen vart gjeven ut på singel av The Shirelles i 1962 til stor suksess. Songen gjekk heilt til topps på den amerikanske Billboard Hot 100.[1] Songen fortel om kjærleiken songaren har til ein soldat og at ho lovar å vente på han til han kjem heim att.

Salslister endre

Liste (1962) Plassering
US Billboard Hot 100 1
US R&B 3
UK Singles Chart 23

Andre versjonar endre

  • «Soldier Boy» vart spelt av den amerikanske countryartisten Donna Fargo i 1991. Versjonen hennar nådde 71. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista.[2]
  • Songen vart spelt av Diane Renay i 1964.
  • «Soldier Boy» vart spelt av den mexicanske barnegruppa La Onda Vaselina i 1989, kalla «Yo te esperaré», omsett og tilpassa av den mexicanske songaren Julissa.

Kjelder endre

  1. «The Hot 100 - 1962 Archive | Billboard Charts Archive». Billboard (på engelsk). Henta 22. februar 2018. 
  2. Whitburn, Joel (2013). Hot Country Songs 1944–2012. Record Research, Inc. s. 115. ISBN 978-0-89820-203-8.