Soldoggfamilien
Soldoggfamilien | ||
| ||
Systematikk | ||
Rekkje: | Magnoliophyta | |
Familie: | Soldoggfamilien Lamiales |
Soldoggfamilien (Droseraceae) er ein plantefamilie i ordenen Caryophyllales. Familien har tre slekter, Aldrovanda, Dionaea og Drosera, og om lag 150 artar, dei aller fleste i slekta Drosera.
Alle artane i soldoggfamilien er kjøtetande plantar, og kan derfor vekse på nitrogenfattig jordsmonn. Dei skaffar seg tilskott av nitrogenhaldige næringsstoff ved å fange smådyr som vert brotne ned med eit vassklart, enzymhaldig slim som vert skilt ut på kjertelhår på blada.
I Noreg veks tre soldoggartar vilt:
- D. longifolia (smalsoldogg)
- D. rotundifolia (rundsoldogg)
- D. intermedia (dikesoldogg)