Rundsoldogg
Rundsoldogg
Rundsoldogg
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Rundsoldogg
Utbreiinga av Rundsoldogg
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Soldoggfamilien Droseraceae
Slekt: Drosera
Art: Rundsoldogg D. rotundifolia
Vitskapleg namn
Drosera rotundifolia

Rundsoldogg (Drosera rotundifolia) er ein 5-15 cm høg myrplante med runde, lyse blad i rosett. Blada har raude kjertelhår som skil ut ei væske som løyser opp insekt som set seg fast i blada. Frå midten av bladrosetten går det opp eit blomestandskaft med 6 til 10 blomar. Dei små, kvite blomane er opne berre ein i gongen, og ikkje meir enn eit par timar på solrike dagar.

Skildring endre

Blomane har fem begerblad, fem kronblad, fem pollenblad og tre fruktblad. Kapselen inneheld svært små og lette frø som kan bli ført langt av stad med vinden eller flyte på vatn.

Når sprellande insekt set seg fast i kjertelhåra, vert produksjonen av slim stimulert. Samtidig bøyger fleire kjertelhår seg mot insektet, og bladet krøller seg saman. Etter eit døgn vil bladet ha krølla seg saman kring byttet, og etter endå eit døgn, vil det meste av insektet vere oppløyst, slik at berre hudskjelletet er tilbake. Dei fordøyelege delane av insektet vert take opp av planten som næringstilskot.

Rundsoldogg veks på sure, næringsfattige myrer, i Noreg nord til Troms. Han veks frå havnivå og opp til over skoggrensa, men ikkje på høgfjellet. Elles har han sirkumboreal utbreiing. [2]

Bruk endre

Soldogg er brukt i folkemedisinen mot mange ulike plagar, frå augesjukdommar til liktornar.

Namnet endre

Det latinske slektsnamnet Drosera , gresk droseros, kjem frå gresk drosos, ’dogg’, og vart brukt som namn på soldogg av Matthias Lobelius i 1581. Rotundifolia tyder ’med runde blad’.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Referansar
  1. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av rundsoldogg Drosera rotundifolia for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.