Solifluksjon

Solifluksjon, jordsig eller jordflyting er ei langsam gliding av finkorna jordartar på hellande marker, særleg i høgfjells- og polarstrok. Kvar gong jorda tinar etter frost, vil ho vere vassmetta og sige litt nedover med tyngdekrafta. I skråningar med solifluksjon blir jordlaget ofte liggjande i karakteristiske valkar eller tungeformer avgrensa av ein markert front nedst. Viss jorda er steinrik, kan stein- og finmateriale skilje seg frå kvarandre i parallelle striper nedover hellinga, ei slags strukturmark.

Kransliknande solifluksjon danna i Den sveitsiske nasjonalparken.

KjelderEndra