Sommar-OL 1900
Sommar-OL 1900, offisielt Dei 2. olympiske sommarleikane, vart halde i Paris i Frankrike. Sjølv om Hellas ynskte å skipe til OL kvar gong, avgjorde Den internasjonale olympiske komitéen (IOK) at OL skulle haldast ulike stader kvar gong.
Dei 2. olympiske sommarleikane | ||||
![]() | ||||
Vertsby | Paris i Frankrike | |||
Nasjonar | 24 | |||
Øvingar | 95 | |||
Idrettsgreiner | 19 | |||
Opna | 14. mai 1900 | |||
Avslutta | 28. oktober 1900 | |||
Utøvarar | ||||
---|---|---|---|---|
Menn | 975 | |||
Kvinner | 22 | |||
Totalt | 997 | |||
Dei olympiske sommarleikane | ||||
|
Det vart ikkje arrangert nokon opnings- og avslutningsseremoni. Leikane vart halden frå 14. mai til 28. oktober 1900, som ein del av Verdsutstillinga i Paris 1900.
I desse leikane fekk kvinner lov til å delta for fyrste gong, og den sveitsiske seglaren Hélène de Pourtalès vart den fyrste kvinnelege utøvaren, medan den engelske tennisspelaren Charlotte Cooper vart den fyrste kvinnelege meisteren.
MedaljestatistikkEndra
Dei 10 beste nasjonane | |||||
---|---|---|---|---|---|
Plass | Land | Gull | Sølv | Bronse | Totalt |
1 | Frankrike | 25 | 36 | 31 | 92 |
2 | USA | 20 | 14 | 15 | 49 |
3 | Storbritannia | 16 | 6 | 9 | 31 |
4 | Sveits | 6 | 1 | 1 | 8 |
5 | Belgia | 5 | 5 | 5 | 15 |
6 | Blanda lag | 4 | 3 | 3 | 10 |
7 | Tyskland | 3 | 2 | 2 | 7 |
8 | Italia | 2 | 1 | 0 | 3 |
9 | Australia | 2 | 0 | 3 | 5 |
10 | Danmark | 1 | 3 | 2 | 6 |
KjelderEndra
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen 1900 Summer Olympics frå Engelsk Wikipedia .
BakgrunnsstoffEndra
- «Paris 1900 Summer Olympics» (engelsk). olympic.org. Henta 21. januar 2017.