Opna hovudmenyen

Den internasjonale olympiske komitéen

Den internasjonale olympiske komitéen (IOK; engelsk International Olympic Committee, IOC; fransk Comité international olympique, CIO) er ein internasjonal ikkje-statleg organisasjon, skipa av den franske baronen Pierre de Coubertin 23. juni 1894. Hovudkontoret ligg i Lausanne i Sveits og organisasjonen har i dag 105 aktive medlemmar og 34 æresmedlemmar.

Den internasjonale olympiske komitéen
Verwaltungsgebäude des IOK - Lausanne.jpg
Hovudkontoret i Lausanne.
Skipa23. juni 1894
GrunnleggjarPierre de Coubertin
HovudkontorLausanne i Sveits
PresidentJacques Rogge
MottoCitius, Altius, Fortius

IOK arrangerar Dei olympiske sommarleikane, Dei olympiske vinterleikane, Dei olympiske sommarleikane for ungdom og Dei olympiske vinterleikane for ungdom. Alle leikane vert arrangert kvart fjerde år. Dei 1. olympiske sommarleikane vart arrangert av IOK i den greske hovudstaden Aten i 1896. Dei 1. olympiske vinterleikane vart arrangert i den franske byen Chamonix i 1924. Fram til 1992 vart både sommar- og vinter-OL arrangert same år. IOK flytta dimed vinter-OL med to år for at det skulle verte betre tid til planleggjing av leikane. Dei 1. olympiske sommarleikane for ungdom vart arrangert i bystaten Singapore i 2010 og Dei 1. olympiske vinterleikane for ungdom vart arrangert i den austerrikske byen Innsbruck i 2012.

KjelderEndra

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.