Songen Baby I'm-a Want You
Baby I'm-a Want You Singel av Bread frå albumet Baby I'm-a Want You | ||
B-side |
Truckin' | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. oktober 1971 | |
Sjanger | Softrock[1] | |
Lengd | 2:25 | |
Selskap | Elektra | |
Låtskrivar(ar) | David Gates | |
Produsent | David Gates | |
Bread-kronologi | ||
«Mother Freedom» (1971) |
Baby I'm-a Want You | «Everything I Own» (1972)
|
«Baby I'm-a Want You» er ein popsong av det amerikanske softrockbandet Bread. Singelen vart gjeven ut i oktober 1971. Han vart tittelsporet til albumet med same namn, gjeve ut i november 1972.
Det er ein av dei mestseljande singlane til Bread i både USA og Storbritannia. I USA nådde singelen tredjeplassen på Billboard Hot 100 i desember 1971, den tredje av dei fire topp 5-hittane til Bread. «Baby I'm-a Want You» nådde toppen av easy listening-lista og nådde 14. plass på UK Singles Chart i februar 1972.
Han selde til gullplate i USA. Som nesten alle dei kjende innspelingane til Bread, var han skrive og produsert av David Gates.
Andre versjonar
endre- Lettermen spelte songen i 1972 på albumet Spin Away
- Engelbert Humperdinck spelte songen i 1972 på albumet In Time
- Wayne Newton spelte songen i 1972 på albumet Daddy Don't You Walk So Fast
- The Moments spelte inn ein sweet soul-versjon i 1973 for albumet My Thing
- Shirley Bassey spelte songen i 1973 på albumet Never Never Never
- Stephanie Winslow spelte songen i 1981 på albumet Dakota
- Conway Twitty spelte songen i 1985 på albumet Chasin Rainbows
- Jennifer Love Hewitt inkluderte ein versjon i 1995 på albumet Let's Go Bang
- Aaron Neville inkluderte ein versjon av songen i 2012 på albumet Tell It Like It Is
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Baby I'm-a Want You (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 2. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. «Baby I'm-A Want You - Bread : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 2. februar 2015.
- Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)