Sonni Krag

Sonni Krag (19021989) var ein norsk forfattar, storviltjeger og utvandrar som er blitt kalla den norske Karen Blixen.[1]

Sonni Krag
Fødd 1902
Død

1989 (87 år)

Yrke forfattar, skribent

Krag, fødd Becker, vaks opp på vestkanten i Oslo. Ho reiste til Aust-Afrika i 1924 og gifte seg med William Krag, som dreiv kaffiplantasje. Med han fekk ho tre søner. Sonni Krag blei kjend i samtida både i Noreg og Kenya.[1] Etter nasjonaliseringa av settler-eigedom i Kenya flytte ho med familien til Spania i 1962 der ho budde til ho døydde.

William og dikteren Vilhelm Krag var i slekt. Sonni Krag er bestemor til dagleg leiar i Dyrevernalliansen, Anton Krag.

VerkEndra

  • Blant løver og negre i Afrikas indre, 1931
  • Kjempeøglen i Victoriasjøen: Knut og Erik på eventyr i Afrika (barnebok), 1932
  • Ildgudens grube: Knut og Erik på gullgraverferd til Kongo (barnebok), 1933
  • Blant bare negre, 1938
  • Diamantsmuglerne (barnebok), 1948
  • Ei rekkje artiklar, dei fleste på trykk i Aftenposten.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Sonnis Afrika», aftenposten.no