Sosialt nettverk blir brukt om ei uformell gruppe der medlemmene deler informasjon, tenester og held kontakt med kvarandre. Dei seinare åra har det skjedd ei eksplosiv utvikling av større og mindre grupper som deler informasjon på Internett, og sosialt nettverk har blitt eit moderne moteuttrykk med ikonisk status. Men omgrepet sosialt nettverk vart nytta lenge før Internett vart oppfunne. Den som først nytta omgrepet var den engelske sosialantropologen John Arundel Barnes i samband med eit studium av eit lokalsamfunn på Bømlo 1952-54.

Sosiale nettverk på Internett endre

Dei nettløysingane som opnar for å oppretta sosiale nettverk på Internett blir gjerne kalla sosiale medium. Døme på sosiale medium som har blitt svært populære er MSN, Myspace, Facebook og Twitter. Desse tilbyr løysingar der medlemmene kan dela informasjon av ulike slag: tekst, bilete, lyd og video, og dei kan bestemma kven som skal få tilgang til informasjonen. Samla blir dei sosiale mediuma med eit moteord kalla for web2, i motsetning til web1, som blir nytta om dei eldre nettløysingane.

Historia til omgrepet endre

Den engelske sosialantropologen John Arundel Barnes publiserte i 1954 artikkelen «Class and Committees in a Norwegian Island Parish». Her presenterte han resultatet av nær to års feltarbeid på Bremnes på Bømlo, og her vart omgrepet sosialt nettverk første gong lansert i vitskapleg samanheng.

Barnes høyrde til Manschester-skulen av antropologar, og var student av Max Gluckman. Desse la vekt på å studera personlege relasjonar og sjå korleis desse var med på å bestemma korleis folk handla.

Under feltarbeidet på Bremnes fann han ut at kvar person var medlem i ulike sosiale felt. Desse var delte opp i territorium, uformelle nettverk, industri og fiske. Nokre gonger bestemte medlemskap i sosiale felt kva ein skulle gjera. Når folk møttest i bedehuset sat ein etter kvar ein kom frå, i bryllup sat ein med familien eller naboar. Ein regel var at folk berre hadde personlege kontaktar med andre på same sosiale nivå. Barnes spådde at desse skilnadene ville auka etterkvart som fleire tok høgare utdanning.

Filmen «The Social Network» endre

Sosiale nettverk er emnet i den mykje omtala filmen «The Social Network» frå 2010.

Bakgrunnsstoff endre