Facebook er eit nettsamfunn. Det vart opphavleg laga for universitetsstudentar og fakultet i USA, men har sidan spreidd seg til å femne om vener, skular og geografiske område.[1]
| |||
Type nettstad | Nettsamfunn | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | 111 språk Liste over språk
| ||
Grunnlagd | 4. februar 2004 | ||
Tilgjenge | Globalt, utanom einskilde land | ||
Eigar | Meta, Inc. | ||
Grunnleggjar(ar) | Mark Zuckerberg Eduardo Saverin | ||
Adm. direktør | Mark Zuckerberg | ||
Morselskap | Meta, Inc. (tidl. kalla Facebook, Inc.) | ||
Nettstad | www | ||
Registrering | Ja | ||
Brukarar | 2,85 milliardar aktive brukarar (per 31. mars 2021) | ||
Lansering | 4. februar 2004 | ||
Status | Aktiv | ||
Programmert i | C++, Hack, D |
Nettsamfunnet har over 2850 millionar månadlege brukarar på verdsbasis.[2]
Brukarane lagar ein profil som inneheld personleg informasjon, bilete og interesser. Deretter kan dei opprette relasjonar til andre brukarar, utveksle private og offentlege meldingar og melde seg inn i ulike typar grupper. Sida er gratis å bruke.
Historie
endreNettstaden vart starta av Mark Zuckerberg, med hjelp frå Andrew McCollum og Eduardo Saverin, i februar 2004 under namnet Thefacebook. Zuckerberg var student ved Harvard University, og nettstaden var meint som eit internt nettverk for universitetsstudentar. I løpet av det første døgnet hadde 1200 Harvard-studentar registrert seg som brukarar, og i løpet av den første månaden var halvparten av studentane medlemer.
Ordet Facebook kjem frå skulekatalogar i USA, som vert delt ut til nye studentar på høgskuler og universitet.
26. september 2006 vart nettverket opna for alle med ei gyldig e-postadresse. I Noreg auka interessa rundt Facebook drastisk i første halvdel av 2007. Rundt årsskiftet var det registrert 3000 norske brukarar, i april 2007 var talet stige til ein stad mellom 80 000 og 170 000.[3]
Kritikk
endreEkspertar åtvarar mot å leggja ut mange personlege opplysningar på Facebook.[4] På dei fleste liknande venenettverk på internett er det vanleg å operera under «dekknamn», det vil seia at ein har eit kallenamn på profilen sin, medan det normale på denne staden er at profilen ligg under personane sitt fulle namn. Det er difor lett for utanforståande å finna detaljerte opplysningar om einskildpersonar. Ein kan sperra profilen sin for innsyn, men perifere vener vil likevel kunna sjå dei fleste opplysningar og bilete. I tillegg har Facebook eit regelverk som seier at Facebook når som helst kan endra regelverket. Så sjølv om ein les regelverket grundig, kan det vera vanskeleg å vita nøyaktig kva ein forpliktar seg til. Nokre konspirasjonsteoretikarar meiner jamvel at Facebook kan vera underlagt Sambandsstatane sine styresmakter, som eit verktøy for å overvaka folk.[5]
Kjelder
endre- ↑ www.knol.google.com: Facebook - en introduksjon, arkivert frå originalen 6. april 2009, henta 1. oktober 2008
- ↑ Facebook - Facebook Reports First Quarter 2021 Results. Publisert 31. mars 2021.
- ↑ «Facebook-feber» frå Aftenposten, publisert 26. april 2007
- ↑ Artikkel frå nettavisa na24, arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 9. mai 2007
- ↑ Innlegg på diskusjonsforum, arkivert frå originalen 29. april 2007, henta 9. mai 2007