Sot er forbrenningsrestar som vert danna når det er overskott av karbon (brensel) i forhold til oksygen (luft). Sot består 80-90 % av i hovudsak amorft karbon, resten er hydrogen.
Sot vert danna gjennom ein prosess i fleire steg. Fyrst skjer det ein nedbryting av brenselet til alkyner. Desse vert polymerisert til polyaromatiserte hydrokarboner (PAH). Deretter kondenserer partiklane og mister ytterlegare hydrogen, for til slutt å bli agglomerert til sotpartiklar. Det finst fleire grensverdiar for den tilatna mengde sot, både når det gjeld avgass-utslepp og konsentrasjon i lufta. EU-direktiv har definert grenseverdien for sot i lufta til 50 µg/m3.

Sotutslepp frå ein stor Turbo diesel-lastebil med vertikal dieselpumpe