Soundmill Navigator

Soundmill Navigator
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve April 2000
Innspelt 1976
Sjanger Ambient, electronica[1]
Lengd 41:46
Selskap TDI/EFA
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi
Great Wall of China
(1999)
Soundmill Navigator Antique Dreams
(2000)


Soundmill Navigator er det 70. albumet og det 11. konsertalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream. Det vart remiksa og gjeve ut i april 2000, men opptaka vart gjort på ein konsert 27. juni 1976 i Berliner Philharmonie.[2] Det er det andre albumet i serien Tangerine Dream Classics Edition, etter Sohoman og føre Antique Dreams.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Som konsertalbumet Sohoman, har opptaket blitt fiksa på i studio, utan at dette står omtalt i plateomslaget. Trass i dette er det støy frå det 24 år gamle kjeldeopptaket, som ikkje var mogeleg å fjerne under mastringa av albumet.[2] Albumet består berre av eitt enkelt, langt spor på nesten 42 minutt.

Fansen var ganske delt om denne utgjevinga. Somme gav dette arkivopptaket ein varm velkomst, medan andre klaga på at det ikkje er det urørte opptaket og at lydkvaliteten kunne ha vore betre.[2]

Det originale opptaket vart gjeven ut på piratkopiplata Tangerine Tree Volume 8: Berlin 1976 og seinare offisielt som ein del av The Bootleg Box Set Vol. 1, basert på eit radioopptak.[2]

InnhaldEndra

Nr.TittelLengd
1.«Soundmill Navigator»41:46

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Brenholts, Jim. Soundmill NavigatorAllmusic
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Soundmill Navigator». Voices in the Net. Henta 16. juli 2020.