South Sudan Oyee!
Oh God!
Første verset av nasjonalsongen.
|
«South Sudan Oyee!» er nasjonalsongen til Sør-Sudan. Han blei teken i bruk då landet fekk sjølvstende 9. juli 2011. «Oyee» tilsvarer 'hurra'.
Tekst
endreSongteksten blei skriven først ved hjelp av 49 diktarar og ein komité leidd av Joseph Abuk. Ulike diktdelar blei brukte til den ferdige teksten, som skulle oppfylla visse krav sette av Den sørsudanske frigjeringsrørsla. Nasjonalsongen skulle nemna landet si historie, folket, geografi og den lange fridomskampen. Arbeidet med songen tok til før sørsudanarane hadde røysta over om dei skulle krevja sjølvstende.
Melodi
endreFleire musikarar fekk sjansen til å laga melodi til nasjonalsongen gjennom ein open konkurranse. Studentar og lærarar ved Juba University vann med sitt bidrag.
Bakgrunnsstoff
endre- A national anthem for South Sudan. Lydreportasje frå BBC News.
- A song for south Sudan: Writing a new national anthem. BBC News, 12 January 2011
Kjelder
endre- Waakhe Simon, Referendum Preparations: S.Sudan Anthem on the Way Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine., Gurtong, 16 September 2010
- A song for south Sudan: Writing a new national anthem. BBC News, 12 January 2011