Sovetskaja Gavan
Sovetskaja Gavan (russisk Сове́тская Га́вань) er ein by i Khabarovsk kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han er ei hamn ved Tatarsundet og det austlege endepunktet på BAM-jernbanen.
Sovetskaja Gavan Советская Гавань | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Khabarovsk kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1853 1941 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
69 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
29 147 422,4 /km² | ||
Koordinatar | 48°58′N 140°17′E / 48.967°N 140.283°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 682880 | ||
Retningsnummer (tlf) | 42138 |
Den 23. mai 1853 oppdaga løytnanten N. Bosjnjak ei naturleg hamn her som bestod av fleire bukter, og kalla ho Gavan imperatora Nikolaja ('keisar Nikolaj si hamn'). Namnet vart seinare justert til Imperatorskaja Gavan (Keisarhamna) i 1922. Under sovjettida fekk han namnet Sovetskaja Gavan og i 1941 fekk han bystatus.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Sovetskaja Gavan» frå Wikipedia på bokmål, den 25. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.