Ei naturleg hamn er eit uttrykk ein nyttar for å skildre hamner som først og fremst har vorte til fordi landskapet har vore forma slik at ein har kunna laga trygge hamner med minimalt med arbeid.

Den naturlege Sydney-hamna.
Foto: Tim Starling

Naturlege hamner har vore senter for busetjing, fiske og handel, og har òg vore strategisk viktige. Mange store byar har vakse opp rundt dei, og den naturlege hamna i Sydney er verdas største.

I Noreg er det vanleg at vikar har fungert som naturlege hamner, og då særskilt dersom holmar og skjer har fungert som ekstra vern mot naturkreftene. Hamna i FosnavågSunnmøre vert sett på som den største naturlege hamna i Noreg.

I tempererte soner med korallvekst, til dømes i Stillehavet og rundt Australia, har det oppstått naturlege hamner av korallrev. Lagunar er ei form for naturleg hamn skapt hovudsakleg av korallrev.

Andre store naturlege hamner endre