Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane blei stifta 12. mars 2010 og blir i løpet av dette året eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane (94,12%) saman med Sparebankstiftinga Fjaler (5,88%). Med 1,8 milliardar kroner i eigenkapital ved opprettinga er stiftinga den største på Vestlandet og den nest største i Noreg (etter Sparebankstiftelsen DNB). Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane blir styrt av generalforsamling, styre og dagleg leiar.

Sparebankstiftinga
Sogn og Fjordane
TypeStifting
Org.nummer995 883 031
HovudkontorLangebruvegen 12 Førde
Pål Fidjestøl
TenesterAllmennyttige føremål
MisjonForvalte eigarskapen i Sparebanken Sogn og Fjordane i langsiktig perspektiv. Vidareføre sparebanktradisjonane, mellom anna gjennom allmennyttige gåver i Sogn og Fjordane.
Nettstadhttp://www.sparebankstiftinga.no

Formålet til stiftinga er å vere ein langsiktig og stabil eigar av Sparebanken Sogn og Fjordane og ta over ein del av samfunnsansvaret til banken, m.a. utdeling av gåver til allmennyttige formål.

Søknadsfristar: 1. mars og 1. september (fortløpande for søknadsbeløp under 10.000 kroner).

Administrasjon til stiftinga består av direktør Kjell Sandnes og kultursjef Pål Fidjestøl.

BakgrunnsstoffEndra