Sparks
Studioalbum av Sparks
Språk engelsk
Utgjeve September 1971 (som Halfnelson)
Juli 1972 (som Sparks)
Innspelt 1971
Sjanger
Lengd 40:23
Selskap Bearsville
Produsent Todd Rundgren
Sparks-kronologi 
Sparks A Woofer in Tweeter's Clothing
(1973)


Singlar frå Halfnelson/Sparks
  1. «Wonder Girl» med «(No More) Mr. Nice Guys»
    Utgjeve: Mai 1972 (USA) / November 1972 (Storbritannia)

Sparks, opphavleg kalla Halfnelson, er debutalbumet til rockebandet Sparks frå Los Angeles. Albumet kom først ut som Halfnelson, det opphavlege namnet på bandet, og kom ut på ny eit år seinare under det nye namnet på bandet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[3]

Innspeling endre

På dette tidspunktet i karrieren var Halfnelson eit tremannsband som bestod av brørne Mael og gitaristen Earle Mankey. Demoar som trioen hadde spelt inn i heimestudioet til Mankey vart fanga opp av musikaren og produsenten Todd Rundgren, som signerte dei for selskapet Bearsville og produserte debutalbumet deira i 1971. I eit intervju i 2013 fortalte duoen om at samarbeidet deira med Rundgren var ei særs positiv oppleving. Ron Mael: «Det var skremmande for oss berre å vera i eit studio, men han var verkeleg utruleg open for det me gjorde, og eg trur me verkeleg følte oss som nærskylde ånder, sjølv om noko av hans eigen musikk kanskje var litt meir soulbasert. Men han var ein anglofil akkurat slik me var anglofile. Det heile gjekk utruleg bra med han personleg og musikalsk.» Russell Mael sa: «Han skal ha æra for at han ikkje ville endra det me gjorde, han ville berre at truskapen skulle bli litt betre. Så me skulle inn i eit dyrt innspelingsstudio med Todd, men dunka framleis på pappesker og slikt. Han kunne sjå at innspelingsprosessen på ein måte var ein del av det me var. Det var ikkje det at me trong å bli endra til eit tradisjonelt band. Måten me spelte inn var ein god del av kva me var og kva som gjorde oss interessant som eit band for han.»

«Wonder Girl», den første singelen deira, var eit døme på den uortodokse måten Mael-brørne gjorde det på, og korleis Rundgren var open for dette. Russell Mael sa «Todd ønskte verkeleg å bevara kvaliteten på demoen. Det er ikkje som lyden av eit band på scenen i det heile. Gitardelane er verkeleg bevisste. Opptaket har ein ekte karakter.» Ron Mael sa «Klaverinstrumentet var ein Wurlitzer. Det var alltid vanskeleg for meg å finna ut korleis eit klaverinstrument eigentleg fungerte med eit band. Så i den spesielle songen var det eit slags riff på to tonar.»[4]

Utgjeving endre

Halfnelson kom opphavleg ut på Bearsville Records i 1971. kort tid etter albumet kom ut, skifta gruppa namnet sitt til 'Sparks'. Albumet vart så gjeve ut på ny av Bearsville Records i 1972 som Sparks.[5] Den nye versjonen av albumet hadde eit enklare plateomslag, og synte gruppa i ei meir klassisk posering over eit mønster av raude mursteinar. Singelen frå denne utgjevinga, «Wonder Girl», vart ein liten hit i Alabama og kom inn på Cashbox-lista på ein 92. plass. Songane «Roger» og «Saccharin and the War» er nyinnspelingar av songar frå eit demoalbum utan namn frå 1969, som feilaktig ofte vert kalla «The 'A Woofer In Tweeter's Clothing' Demos».

Nyutgjevingar endre

Sparks har blitt gjeven ut fleire gongar sidan 1972. Det kjem ofte ut i lag med A Woofer in Tweeter's Clothing. Ei slik utgåve kom i 1975 for å utnytte suksessen dei hadde då i Storbritannia. Denne versjonen heitte 2 Originals of Sparks og vart pakka som eit dobbeltalbum.

Den siste utgåva av albumet kom ut på Rhino Encore i 2008.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Wonder Girl»Ron Mael2:21
2.«Fa La Fa Lee»Ron Mael2:53
3.«Roger»Russell Mael2:37
4.«High C»Ron Mael3:13
5.«Fletcher Honorama»Ron Mael4:15
6.«Simple Ballet»Russell Mael, Ron Mael3:53
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Slowboat»Russell Mael, Ron Mael3:54
8.«Biology 2»Earle Mankey3:10
9.«Saccharin and the War»Russell Mael4:02
10.«Big Bands»Ron Mael, Russell Mael4:16
11.«(No More) Mr. Nice Guys»Jim Mankey, Ron Mael5:49

Medverkande endre

Halfnelson
Teknisk
  • Todd Rundgren - produsent
  • Thaddeus James Lowe - lydteknikar
  • Ron Mael - kunst
  • Larry Dupont - fotografi

Kjelder endre

  1. «Sparks - Biography by Jason Ankeny». AllMusic. Henta 28. april 2019. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 21. april 2022 – via robertchristgau.com. 
  3. Allmusic review
  4. «Sparks - Ron and Russell Mael: 45 Years in Showbiz». soundonsound.com. Henta 21. april 2022. 
  5. «Sparks Discography - Albums and 7« Singles». graphikdesigns.free.fr. Henta 21. april 2022.