Spassk
- Spassk er òg eit eldre namn på byen Bolgar
Spassk (russisk Спасск, tidlegare (1925-2005) kalla Bednodemjanovsk (russisk: Беднодемьяновск)) er ein by i Penza oblast i Russland og administrativt senter for Bednodemjanovsk rajon. Han har om lag 7000 innbyggjarar.
Spassk Спасск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Penza oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1600-talet 1779 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2005) |
7 300 | ||
Koordinatar | 53°56′00″N 43°11′00″E / 53.93333°N 43.18333°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 84151 | ||
Nettstad: www.spassk.ru |
Historie
endreI 1648 vart eit udyrka jordstykke oppdaga i Sjatsk uezd og det vart gjeve til eit kloster i nærleiken kalla opp etter Frelsaren (Spas på russisk). I 1663 vart ein landsby grunnlagd på staden, kalla Bogdanovo. I 1779 vart namnet på byen endra til Spassk. Han fekk samstundes byrettar og vart gjort til senter i ein uezd etter dekret frå Katarina den store. Det vart derimot snart klart at dette ville medføre forvirring, sidan det fanst fleire byar i Russland med same namn, der den mest kjende var Spassk-Rjazanskij. Det offisielle namnet på byen vart derfor endra til Spassk na Studentse (russisk: Спасск на Студенце).
I 1925 vedtok ein uezd-partikonferanse at byen skulle døypast om til Bednodemjanovsk til ære for diktaren Demjan Bednyj. Bednyj sjølv vitja aldri byen, men hadde etter sigande ein livleg korrespondanse med innbyggjarane. I 2005 fekk byen igjen namnet Spassk, etter dekret frå president Vladimir Putin.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Spassk» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.