Spassk-Dalnij
Spassk-Dalnij (russisk Спасск-Да́льний), nokre gonger kalla Spassk, er ein by i Primorskij kraj i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg på slettelandet aust for Khankasjøen[1], rundt 180 km nord for Vladivostok (avstand med bil 250 km).
Spassk-Dalnij Спасск-Дальний | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Primorskij kraj | ||
Grunnlagd Bystatus |
1885 1917 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
49 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
45 857 935,9 /km² | ||
Koordinatar | 44°36′N 132°49′E / 44.600°N 132.817°E | ||
Høgd over havet | 100 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
VLAT (UTC+10) VLAST (UTC+11) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 42352 | ||
Nettstad: mo.primorsky.ru/spasskd |
Historie
endreDei første nybyggjarane frå vestlege område av Russland kom til området rundt dagens Spassk-Dalnij i 1885. Dei grunnla landsbyen Spasskoje (fra russisk spas som tyder «frelsar»). Med opprettinga i 1906 av jernbanestasjonen Jevgenjevka på Ussuribanen like ved, vart busetnaden viktigare og i 1917 fekk han byrettar under namnet Spassk.
Under den russiske borgarkrigen var det harde kamper mellom dei kvite og raude armeene ved byen.
I 1926 vart byen slått saman med Jevgenjevka og i 1929 fekk byen det noverande namnet sitt, Spassk-Dalnij (russisk dalni som tyder «fjern» og viser til plasseringa i Russisk fjerne austen, til skilnad frå Spassk i Penza oblast og Spassk-Rjazanskij i Rjazan oblast).
Økonomi og næringsliv
endreHistorisk sett vart Spassk-Dalnij danna som eit senter for bygningsindustrien i Primorje, på grunn av reservane av kalkstein, leire og byggesand i nærleiken. Den største verksemda er for tida selskapet Spassktsement, som har vore i drift siden 1907 og som kan produsere opp til 3,5 millionar tonn sement pr år. Sementfabrikken er representert på Spassk-Dalnijs byvåpen.
Andre næringar er maskinbygging og lys- og næringsmiddelindustri. Området rundt Spassk-Dalnij er òg eit av dei viktigaste landbruksområda i Primorskij kraj.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Spassk-Dalnij» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The World Gazetteer». Arkivert frå originalen 4. desember 2012. Henta 5. august 2013.