Spegelavlesing er ein metode får å avlese små vridingar. Metoden vert nytta i kjenslevare måleinstrument, som galvanometer. I staden for å feste ein visar til systemet, set ein på ein liten spegel. Ein lysstråle blir retta mot spegelen og blir reflektert derfrå mot ein skala der han lagar ein liten lysflekk. Når spegelen dreiar seg, flyttar flekken seg langs skalaen. Då avstanden mellom skala og spegel kan gjerast stor, kan ein registrere sjølv særs små rørsler av spegelen. Instrument med spegelavlesing blir no oftast erstatta med elektroniske instrument med digital avlesing.

Kjelder endre