Spektroskop
Eit spektroskop var opphavleg eit instrument som skapte eit synleg spektrum, men vert no vanlegvis brukt som nemning på kvart og eit instrument som skapar eit synleg eller usynleg spektrum. Spektroskop der spekteret blir registrert fotografisk, blir kalla spektrograf. Viss den spektrale eigenskapen (bølgjelengd, energi, masse) kan målast ved direkte avlesing på ein skala eller ved eit måleinstrument, blir instrumentet kalla spektrometer.
Kjelder
endre- spektroskop. I Store norske leksikon.