Spesialsambandstenesta i Russland
Spesialsambandstenesta i Russland er underlagd Føderal verneteneste og vert forkorta (Spetssvyaz eller Spetssviaz (russisk Служба специальной связи и информации, Спецсвязь России). Det er eit spesielt kryptografi-samband med ansvar for innsamlig og analyse av framande samband og framande SIGINT-freistnader mot Russland. Oppgåva er òg vern av regjeringa sine samband og informasjonssystem, og dette inneber kryptoanalyse. Denne sambandstenesta kontrollerer òg Tsjeget (atomkofferten) som kan utløyse global atomkrig.