Speyerbach er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 60 km. Ho har sitt utspring ved Elmstein i Pfälzer Wald og renn gjennom byane Neustadt an der Weinstraße og Lambrecht. Elva munnar ut i Rhinen ved Speyer.

Speyerbach
elv
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 596 km²
Lengd 60 km
Kjelde Pfälzer Wald
 - høgd 460 moh.
Munning Rhinen
 - høgd 92 moh.
Kart
Speyerbach
49°21′ N 7°52′ E
Wikimedia Commons: Speyerbach

Speyerbach har eit nedslagsfelt på 596 km² og vassføringa ligg vanlegvis mellom 1 og 5 m³/s, men stundom kan store nedbørsmengder føre til mykje høgare vassføring. Det høgaste som er målt er 19,5 m³/s i 1978.

Kjelder endre