Rheinland-Pfalz
Geografisk plassering

Delstat i Tyskland

Hovudstad Mainz
Flatevidd

 - Rangering i Tyskland

19 853 km²

9.

Folketal (2006)

 - Rangering i Tyskland
 - Folketettleik

4 068 179

7.
205/km²

Grunnlagd 1946
Offisielle språk Tysk
Ministerpresident Malu Dreyer (SPD)
Nettstad www.rlp.de
Våpen
Våpen

Rheinland-Pfalz er ein tysk delstat. Hovudstaden er Mainz, arealet er 19 853 km² og folketalet 4 068 179 (2006). Rheinland-Pfalz ligg sørvest i Tyskland, og grensar til Nordrhein-Westfalen, Hessen, Baden-Württemberg, Frankrike, Saarland, Luxembourg og Belgia. Området var del av den franske okkupasjonssona etter den andre verdskrigen og delstaten vart oppretta gjennom samanslåing av Rhein-Pfalz med den prøyssiske Rhinprovinsen og delar av det vestlege Hessen.

Geografi og geologi Endra

Landskapet i Rheinland-Pfalz er prega av rhinske skiferplatå som vert gjennomskoren av dei djupe dalføra til Mosel, Rhinen og Lahn. Elvane deler landskapet i fire delar: fjell- og bakkelandskapa Hunsrück og Eifel vest for Rhinen og Westerwald og Taunus austom Rhinen. Den største elva i delstaten er Rhinen som dannar grense med Baden-Württemberg og Hessen.

Dei høgaste fjella i Eifel er vulkankjegler, i Hunsrück og Taunus kvartsittryggar og i Westerwald basaltkuplar. Dei høgaste områda i Hunsrück når opp i vel 800 moh. Bakkelandskapet i sør er dekt av Pfälzerskogen.

Kjelder Endra

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.