Split
Split (latin Spalatum, gresk Ασπάλαθος, Aspalathos) er den største og viktigaste byen i Dalmatia i Kroatia, og den nest største byen i Kroatia. Han ligg på ei lita halvøy langs kysten av Adriahavet.
Split | ||
---|---|---|
| ||
Styresmakter | ||
Land Fylke |
Kroatia Split-Dalmatia | |
Grunnlagd | 295 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 79,4, 23,1 km² | |
Flatevidd - Bykommune |
63 km² | |
Innbyggjarar[1] - Bykommune (2021) - Byområde |
160 577 149 830 | |
Koordinatar | 43°30′N 16°26′E / 43.500°N 16.433°E | |
Høgd over havet | 0 m | |
Diverse anna | ||
Heimeside: www.split.hr | ||
Plassering | ||
Split er ein bykommune og administrativt sentrum for fylket Split-Dalmatia[2][3] og har i dag om lag 160 000 innbyggjarar.[1] Til kommunen høyrer òg den austlege delen av øya Čiovo med den eine busetnaden Slatine.
Byen har mange historiske og kulturelle turistattraksjonar. Klimaet er varmt, og det veks mellom anna palmer her. I 1990 vart EM i friidrett halde her.
Historie
endreI år 295 byrja den romerske keisaren Diokletian å byggje eit palass på kysten av Dalmatia, i landet der han var fødd. Etter at han abdiserte i 305 forlet han Nikomedia og flytta inn i palasset for å vere sine siste leveår her. Palasset, som vert kalla Diocletianova Palaca, dekte eit område på 28 900 m². Etter han døydde vart palasset ein del av eigedomen til keisaren, og området vart på 600-talet utvikla til ein by, då innbyggjarane frå den nærliggande byen Salone søkte tilflukt her etter angrep av avarane.
På 900- og 1000-talet var Split under dei kroatiske kongane. I starten på 1100-talet var det kroatisk-ungarske kongar som herska over byen og det omliggande Dalmatia. Frå 1400-talet til midten av 1700-talet var byen ein del av Republikken Venezia. Etter ein kort periode under fransk styre då Napoleon erobra området på byrjinga av 1800-talet, vart byen ein del av Austerrike-Ungarn. Etter den første verdskrigen vart Austerrike-Ungarn splitta opp, og Split og resten av Dalmatia vart ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (etter 1929 Jugoslavia). I 1941 vart byen og området okkupert av Italia. To år seinare frigjorde partisanarar byen, før Tyskland så okkuperte området. Etter krigen vart byen igjen ein del av Jugoslavia, og då landet vart oppløyst i 1991 vart han ein del av Kroatia.
Folketal
endreDei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Split | 175 140 | 167 121 | 149 830 |
Žrnovnica | 2 524 | 3 222 | 3 279 |
Stobreč | 5 837 | 2 978 | 2 879 |
Kamen | 2 184 | 1 769 | 1 821 |
Srinjine | 1 354 | 1 201 | 1 199 |
Slatine[a] | 995 | 1 106 | 924 |
Kommunen Split | 188 694 | 178 102 | 160 577 |
Folketalet i 2021 på den busette øya i kommunen:[1]
Merknader
endreKjelder
endreReferansar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.