Sportsklubben Falk

Sportsklubben Falk er eit idrettslag i Horten, stifta 23. september 1917. Laget driv med både fotball og handball.

Fotballaget gjorde sin beste prestasjon i cupmeisterskapen i 1929. Falk tok seg då til semifinalen, der det vart tap 0-1 mot Sarpsborg Fotballklubb, den komande noregsmeisteren. På 2000-talet har laget for det meste vore å finne på femte nivå i norsk seriefotball.

Handballaget til Falk rykte våren 2013 opp frå 1. divisjon. Møtet med eliteserien vart i tøffaste laget og Falk rykte ned att i 2014.

Kjelder endre