Sarpsborg Fotballklubb

Sarpsborg Fotballklubb er eit idrettslag i Sarpsborg, stifta 8. mai 1903. SFK er eit av dei mest meritterte cuplaga i Noreg, i tida 1906-64 deltok klubben i tov NM-finalar og sigra i seks av dei. SFK kunne heve kongepokalen i 1917, 1929, 1939, 1948, 1949 og 1951. I seriespel er tredjeplassane frå 1964 og 1965 det beste Sarpsborg har oppnådd.

Nasjonalt lag endre

Sarpsborg Footballclub vart stifta av briten Hugh Kenworthy, kontorsjef ved Borregaard-fabrikkane. Sarpsborg etablerte seg snøgt i toppen av norsk klubbfotball. Både i i 1907 og 1907 kom laget til cupfinale, der det vart tap 0-1 og 0-3 mot høvesvis skienslaget Odd og oslolaget Mercantile. Ti år seinare vart SFK klar for ein ny cupfinale, og i Stavanger vart laget norsk meister etter 4-1 mot SK Brann i 1917, i den aller fyrste norske cupfinalen på grasbane. Åtte år etterpå vart rollene omsnudd då Brann vann 3-0 og vart norsk meister. I 1929 vann SFK sin andre cuptittel etter å ha vunne 2-1 over Ørn etter ekstraomgangar på Stavanger stadion. Også fem år seinare vart sluttresultatet i NM-finalen 2-1 etter ekstraomgangar, då med Sarpsborg som det tapande laget i oppgjeret mot Mjøndalen. Året etter måtte SFK tole eit nytt finaletap, heime i Sarpsborg vann erkemotstandaren Fredrikstad FK heile 4-0. Derimot vann SFK 2-1 over oslolaget Skeid i cupfinalen 1939 i Tønsberg.

Etter fire rake semifinaletap i åra 1940-47 var Sarpsborg i 1948 klar for ny NM-finale. Som i 1934 var Fredrikstad på motsett banehalvdel, og ein av SFK-spelarane frå den gongen, Harry Yven fekk gleda over å skåre kampens einaste mål. Også året etter vann vart Sarpsborg norsk meister etter siger 3-1 over Skeid. Yven vann då sitt fjerde cupgull, han var med allereie som 17-åring i 1929, 20 år tidlegare. Sarspborg sikra seg NM-tittelen for sjette og siste gong då Asker Skiklubb i 1951 på Ullevaal stadion vart nedkjempa med 3-2 etter ekstraomgangar.

Sarpsborg FK deltok Hovudserien fra 1948 til 1957 og 1 divisjon frå 1963 til 1972. Laget var på sitt beste i sesongane 1964 og -65. I 1964 kvalifiserte SFK seg til NM-finale for siste gong, der Rosenborg vart for sterke med 2-1, og kom på bronseplass 1. divsjon. Sistnemnde prestasjon vart kopiert sesongen etter. I gjennomsnitt hadde laget mellom 2000 og 4700 tilskodarar på heimekampane i denne perioden.

Lokalt lag endre

Sarpsborg rykte ned frå toppdivisjonen i 1974 og frå 2. divisjon i 1980. Bortsett frå to sesongar, 1995 og 1997, på nivå to i seriefotballen, har laget sidan 1980 spelt i regionale eller lokale seriar.

Framom 2008-sesongen 2008 trekte Sarspborg FK laget sitt frå seriespelet då Sarpsborg 08 vart skipa, ein lag som tok plassen til byrival Sparta i divisjon ein. Sarpsborg FK melde seg seinare innatt i seriesystemet og skal i 2016 spele på nivå fire norsk fotball.

Klubbprofilar endre

Asbjørn Halvorsen, Per Holm, Kristian Henriksen, Harry Yven, Finn Moen, Hjalmar Andresen, Villy Andresen, Asbjørn Hansen, Harry Kure, Gunnar Hansen, Martin Kjølholt og Thor Spydevold.

Merittar endre

  • Noregsmeister: 1917, 1929, 1939, 1948, 1949 og 1951
  • NM-sølv: 1906, 1907, 1925, 1934, 1935 og 1964
  • Bronsemedalje i serien: 1964 og 1965