Sportsklubben Rapid

Sportsklubben Rapid var frå 1931 til 2011 eit idrettslag i Moss i Østfold.

Sportsklubben Rapid
Skipa1925-fusjonert 11. februar 2011 til Rapid Athene
HeimebaneMelløs stadion
LandNoreg
ByMoss kommune
Heimedrakt
Bortedrakt

Rapid var eit lag tilslutta Arbeidernes Idrettsforbund. Laget slo seg i 1937 saman med Moss Arbeideridrettslag (stifta 1925). Dei fyrste åra stod fotball og boksing i fyrste rekke. Etter 1945 kom også sykling, symjing og kappgang på programmet.

Fotballaget til Rapid deltok fire sesongar i Hovudserien i fotball. Fyrst frå 1955 til -57, og deretter frå 1959 til 1961. Seinare i 1960-åra ramla Rapid ned til 3. og 4. divisjon.

I 2011 vart sportsklubben Rapid oppløyst. Dei aktive gjekk saman med utøvarar i kvinnelaget Athene Moss og skipa det nye laget Rapid Athene.

Kjelder endre