Språket muisca
(Omdirigert frå Språket chibcha)
Muisca, òg kjend som chibcha eller mosca, er eit utdøytt chibchansk språk som vart snakka av muiscafolket i Colombia fram til slutten av 1700-talet. Karl III av Spania forbaud språket 10. mai 1770, og det vart verande forbode fram til 1990, men då var det for lengst utdøydd. Det vert i dag undervist i muisca på ein skule i kommunen Cota.
Namnevarianten chibcha har gjeve namn til den chibchanske språkfamilien.
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Muisca (språk)» frå Wikipedia på bokmål, den 31. desember 2015.
Bakgrunnsstoff
endre- Muisca hos Ethnologue hos Ethnologue