Sjakkbrikka springar

(Omdirigert frå Springar (sjakk))

Ein springar (òg kalla hest) er ei brikke i sjakk. Kvar spelar startar med to springarar kvar, vert plasserte ved sida av tårna. Dei kvite springarane startar på felta b1 og g1, dei svarte på b8 og g8.

Moglege springartrekk

Springarane sitt rørslemønster skil seg frå dei andre brikkene. Springaren går på vekselvis kvite og svarte felt, i ei rørsle som kan beskrivast som at den går eitt felt framover eller til sida, og deretter to felt vinkelrett i høve til den første delen av trekket.

Diagrammet til venstre syner dei åtte moglege trekka for ein sentralt plassert springar. I motsetnad til andre sjakkbrikker kan springaren hoppe over brikker som måtte stå mellom springaren og feltet den flytter til. Som dei fleste andre av brikkene, slår den motstandarbrikker som er plassert på feltet den kjem til.

Dei fleste brikker er sterkast når dei står sentralt plassert på sjakkbrettet, og dette gjeld i særleg grad for springarar. Ein springar på sida av brettet angrip berre fire felt, og frå et hjørnefelt berre to.

Springaren er den éinaste offiseren som kan flyttast før det er gjort noko bondetrekk. Til vanleg kjem springaren i spel litt før løparen, og lenge før tårna og dronninga.

Springaren er den éinaste brikka som kan angripe dronninga utan sjølv å vere truga av dronninga. Den vert heller ikkje angripen av ein konge, løpar eller tårn den angrip, og egnar seg difor godt til å utføre ein gaffel.

Ein springar vert rekna for å vere like sterk som ein løpar. Løparen si rekkevidde er lengre, men løparen er avgrensa til dei 32 kvite/svarte felta på brettet. Sidan springaren kan hoppe over andre brikker, vert den rekna som meir verdfull tidleg i spelet, når det er fleire brikker på brettet.