Spygatt

Spygatt eller spylegatt er små portopningar i relinga på større skip og båtar.

Spygatt i skansekledninga på fullriggaren «Sørlandet»

Dei har ofte eit lukedeksel som er hengsla i overkant, slik at det opnar seg utover. Dermed slepp det meir vatnet ut ved innslag av bølgjer enn dei som må bryta seg høgare opp for å slå over rekkja, som relinga ofte vert kalla. Utan desse gatta ville dekket ofte vore fylt med vatn i lengre tid av gongen.

Namnet gatt er det same som vert brukt om opninga til fisken for avfallsstoff frå fordøyinga (kloakken).

KjelderEndra