Stølsheimen
Stølsheimen er eit fjellområde i Vestland fylke. Området er avgrensa i nord av Sognefjorden og i sør av Vossefjella. Vestover strekkjer området seg til Gulen kommune og Masfjorden kommune, medan det austover strekkjer seg til Vikafjellet. Stølsheimen landskapsvernområde ligg sentralt i Stølsheimen.
Området er eit populært turområde og Den Norske Turistforening har ni turisthytter i området.