Størmer
Størmer eller stoermer er ei måleining for evna ladde partiklar har til å motsetje seg at den banen dei følgjer krummar seg på grunn av magnetfeltet til jorda. Han er kalla opp etter Carl Størmer.
1 størmer = √EM/mvc, der e er den elektriske elementærladningen, M er jorda sitt magnetiske dipolmoment, 8,1 · 1015 Wb·m, m er massen av den innkommande partikkelen, v er farten til partikkelen og c er lysfarten. Storleiken har dimensjon m1/2 · s1/2 og er altså ingen lengdeeining, men ein høvsmessig parameter for utrekning av partikkelbaner.
Kjelder
endre- Størmer. (2009, 15. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/st%C3%B8rmer.