Opna hovudmenyen

Støtteadvokat eller bistandsadvokat er ein advokat som på det offentlege sin kostnad skal take seg av interessa til offeret (den skadelidne) i særlege grove straffesaker, altså saker som den offentlege påtalemakta reiser mot ein person som det er grunn til å tru har stått attom eit sers alvorleg brotsverk. Hovudregelen etter norsk og mange andre lands strafferett er at ei straffesak berre har å gjere med den offentlege påtalemakta på den eine sida mot den eller dei personane som vert rekna for å ha gjort brotsverket på den andre sida, medan offeret for brotsverket berre har status som eitt av eventuelt fleire vitne i saka. Men når det gjeld visse typar særleg grove brotsverk mot personar, vil offeret ha eiga interesse av utfallet av straffesaka og trong til å få kravt inn skadebot og oppreising for ikkje-økonomisk tap i samband med straffesaka. Difor er rimeleg at det offentlege tek kostnadene ved ein advokat som kan hjelpe offeret i samsvar med særskilde reglar i denne typen straffesaker.

Offeret for brotsverket vil som hovudregel ha krav på støtteadvokat dersom straffesaka gjeld seksuelle overgrep, valdtekt, freistnad på valdtekt, incest, vald i nære relasjonar (såkalla familievald), menneskehandel, kjønslemlesting, tvangsekteskap, brot på forbod mot at ein særskild person tek kontakt eller kjem på vitjing, eller når det gjeld rettsmøte om forbod mot kontakt og vitjing i eigen heim, eller offeret er påført stor fysisk eller psykisk skade.

Dersom ein person under 18 år er avliden som fylgje av eit brotsverk, har foreldra krav på støtteadvokat i samband med straffesaka. I andre høve kan det òg vurderast om offeret har særskild trong for støtteadvokat som det offentlege bør ta kostnadene for.

Støtteadvokaten skal hjelpe offeret under både etterforskinga av brotsverket og under den straffesaka som påtalemakta eventuelt reiser. Støtteadvokaten kan såleis hjelpe til med å melde frå til påtalemakta (politiet) om brotsverket, gjere greie for offeret for gangen i straffesaka, og førebu offeret på å kunne forklare seg i ei komande rettssak. Støtteadvokaten har rett til å vere til stades under tilleggsavhøyr som offeret skal møte til hjå politiet, eller vere til stades når born skal avhøyrast i domaravhøyr. Advokaten skal dessutan syte for at offeret får informasjon om viktige steg som vert gjort i etterforskinga, og at offeret får innsyn i saksdokumenta. Under sjølve rettssaka skal advokaten fremje offerets interesser, inklusive å setje fram krav om skadebot mot den skuldige. Skulle saka på eit eller anna stadium verte lagt bort av påtalemakta, skal støtteadvokaten klage på avgjerda dersom offeret krev det. Det er òg støtteadvokatens oppgåve å fremje søknad om valdsoffererstatning frå det offentlege, eit krav som i særlege høve vil kunne verte godteke sjølv om det ikkje vart fellande dom i straffesaka.

BakgrunnsstoffEndra

LitteraturEndra